25 april 2011

påskecollage 2011



Påskecollage 2011. Enkel påskepynt i år på kjøkkenbordet. Blå perleblomster og egg i stor glasskrukke. Det gule fekk fortsette å kvile i pappeska, kanskje kjem det fram neste år igjen? 
Fleire små fjellturer i fineveret, og jammen hadde ikkje påskeharen lagt igjen et påskeegg oppe ved sommerfjøset. So spennande! Vi fann mange spor både på bakken og til og med hatten sin hadde han lagt igjen i farta!
Det o`store prosjekt gang har vi endelig fått starta på også, her er en liten sniktitt. Bak sponplater fann vi det originale panelet, og vi har begynt å male kvitt, etter mykje forarbeid med sparkling og pussing. Påskesnopet har aldri vore langt unna, viktig å kose seg innimellom alt arbeidet også:)
Nei no skal malekosten få svinge seg pittelitt igjen før natta;)
Håper påska di var fin, det var vår!

Kristine




15 april 2011

Alle barns eventyr..


....Litt frå barnerommet igjen. Vinduskarmane er e n d e l i g ferdigmåla! Tallerkenhylla er tatt fram frå boda i kjelleren og vart kvitmåla. Det gamle fretexnattbordet fekk siste resten av den gustavianske blåfargen som vi brukte på kjøkkenveggen.
Gardiner kom også på plass i dag. Har tenkt så lenge på å lage til den tallerkenhylla til bøker. Og i rett høgde til Emilie er det enkelt å plukke ned favorittboka, som er alle barns eventyr. Er du ute etter påskekrim så er det berre å lese feks Kjerrringa og grisen, Ulven og dei sju geitekillingene eller De tre små griser. Ingen lightutgaver i denne eventyrsamlinga her akkurat, og ikkje garantert happy ending. Denne boka hadde vi heime når eg var lita også. Men mamma fortalde dei i en smule mildere utgave då vi var små, for eg kan ikkje huske at det var så voldsomme greier;) Jaja, heldigvis er det dei tre små bjørner som er gjenganger her i gården og den er finfin:)

Ha ei fin helg, snart blir det pynta litt til påske her!
                                                                                                           Klem Kristine

Psst: tusen takk for kjemperespons på kjøkkeninnlegget, gjer meg happyhappy,hehe:)

10 april 2011

ferdig kjøkken!

Ja da var det endelig ferdig, nesten i alle fall. Dette kjøkkenprosjektet vårt. Meir skapplass har det blitt, der som lenge har vore ei stor ledig "luke" midt på veggen, med nokre heimenekra skap nederst mot golvet som ikkje vart heilt vellykka. No har vi i alle fall nok skap (og sprosser, oioi) Små porselensknotter er bestillt av svigers som er på Kristiansandstur og var så snill å dra på Ikea der, så dei kjem på snart. Og så skal det listes på toppen.
Veggen som i og for seg var fin fra før (berre sjå på opp på "juleheaderen" min,hehe) har blitt gustaviansk blå. Og det etter fire forsøk med å finne en gråfarge som kunne gå. Men det første en prøver er ofte det beste, så det blå vart et friskt pust i rommet og gjorde det straks mykje lysare!
14-15 grader ute i dag gjorde at vi kunne slå opp altandøra også, hærlig, skal sjå om ikkje det blomsterbedet der ute skal få seg en makeover også til sommer`n:)
Kjem garantert meir bilder frå dette rommet, skal piffe å pøne til med litt nytt på både vegger,benk og bord, og så er det liiike før det blir heimklikka to svarte tolixer også......håpe dokke ikkje er lei av dette rommet, er ganske så eksponert frå før da!
Kristine

09 april 2011

pust i bakken

En kort pust i bakken med nybaka brød, kaffi i koppen og nydelig Meyers hindebærmarmelade kjøpt med frå Kremmerhuset på kakeskiva (brødskive:) Men kan ikkje bli sittande for lenge, har myyykje som skal fiksast på i heimen i dag. Feks å få på siste strøket på kjøkkenveggen bak der...greit å bruke tida godt når en har barnevakt! Blir eg ferdig til i morgen så skal eg vise meir da!
Go laurdag folkens!
                                                          Kristine

03 april 2011

Gustaviansk blå og fretexfunn

Dette nattbordet tok eg med meg under arma på laurdag etter å ha funne det på Fretex for den nette sum av 100 kr. Har vore på utkikk etter noko slikt til å ha på barnerommet lenge, og plutselig dukka det opp, o`lykke!


Gustaviansk blå har blitt testa ut på kjøkkenveggen i helga også, men ingen avgjerelse er tatt om den får fortsette å vere der, har et par lyse gråfarger som må testast ut også der først. Men nattbordet derimot skal få seg et par strøk med gustaviansk blåfarge tenker eg!(er passe pissgul i fargen i virkeligheta) Kjøkkenskapa tvers ovanfor spisebordet er montert opp også, men sidan det egentlig ser ut som en byggplass her inne for tida, så venter eg litt med dei bilda... Resultatet blir bra når vi er ferdig, massssssse skapplass,hærlig hærlig!

Fin ny veke ønskes herifrå til deg!
                                        Kristine