30 mars 2011

kvardagskost

I det siste har eg blitt skjemt bort med opptil fleire awarder, og kan tru eg synest det er hyggelig å bli satt pris på her inne i bloggeverda. Så tusen ♥-lig for det, til den knakandes godt formulerte Keiserens nye trær, mang en gong har eg humra og kosa meg med innlegg frå den Trondhjemske by og gutta i 4. Kronprinsessene er raus med kommentarer hos meg og det er så kjekt, og så trur eg ho er like glad i mintfarge som meg? Vilmelinas liv er ein nyoppdaga blogg for meg, og der kjenner eg meg veldig heime i interiøret hennar, vi har nok lik smak vi to, ta turen inn her! Og besøk  I mitt lille rekkehus også, en veldig koselig blogg med varierte innlegg og fine bilder!

I ein av awardane skulle en fortelle 8 vetuge ting om seg sjølv, så her kjem litt ymse:

♥ Har veldig sansen for blått og striper for tida, både i interiør og på klede.

♥ Industri, natur og ei dose indisk er finfin miks interiøret og heilt meg!
Den skåla som dagens middag var servert i (ja ingen gourmet her på kvardagane:) er aldeles nyinnkjøpt og det stod Kristine med store bokstaver på denne, så ja heilt i min stil!

♥ Har begynt å like kvitvin.

♥ Synest Ikea er genialt, og det er stas å reise dit, sikkert sidan vi bur så langt unna... derfor er handlelista lang når vi først tek turen.

♥ Skal snart til Island på tur attmed andre glade Kremmermuser, det gleder eg meg til!

♥ Jobber som avdelingsleder på Kremmerhuset i Ålesund, samans med bla denne kjekke tausa, anbefaler å ta turen innom Svenngaarden for å sjå den fine heimen hennar, vel verdt eit besøk! Sjå kor glade vi er da:)

♥ Beundrer dei som kan å strikke og sy.

♥ Har nettopp kjøpt mitt første Odd Molly plagg, en overbrodert tunika som kosta alt for mykje sjølv om den var nedsatt 30 prosent, var veldig fin da...og dessutan blå:)

Sidan desse awardane har pågått ei stund no, så sender eg den ikkje vidare til nokon spesielle blogger, men sender heller ei ekstra helsing til dei som jamt og trutt er innom og les bloggen her, og dei som legg att kjekke helsinger her, takktakk!

Klem Kristine

25 mars 2011

naturlig

Finaste og største vasen heilt i min stil, denne kjem til å få stå framme på heidersplass tenke eg!
Grov og enkel form,tidlaus og passar til det meste.
Hei alle!
Sjå kva som kom rekandes fra oven når vinden og ruskeveret var på sitt verste!
Denne måtte eg plukke med meg då eg nærmast snubla i den i mørket på veien heim frå jobb her en kveld. Skal i alle fall spare den til påska kjem og dekorere den med egg er planen. Og sidan eg ikkje rakk å kjøpe med meg litt blomster heim i dag så får denne gjere nytta så lenge. Synest den er rett så fin!

Ei fin helg til alle som er innom, og tusen hjertelig takk for alle helsinger og kommentarer, gjer det ekstra kjekt å blogge da må vete

klem

21 mars 2011

meir kjøkkenskap


Hooray for meir kjøkkenskap! I dag kan eg by på dei dårligaste bilda ever, men tenkte eg skulle vise korleis stoda er her no. Vi skal til å montere opp meir Lidingøskap fra Ikea på veggen tvers overfor benken. Fram til no har der stått et heimesnekra benk/skap, som eg trur aldri er fotografert og publisert her? Er en god grunn til det... var ikkje særlig vellykka. No er det røska vekk, og håper på at dette blir bra i staden (og ikkje blir sjåandes ut som frå en katedral e.l,kremt :) Neida det blir kjekt med meir skap!

 Må berre få orden på det elekriske baki veggen der før vi kan montere...
fortsettelse følger!

Natta frå et stormfylt Ålesund

15 mars 2011

"ny" sofa

Dette er en Karlstad toseter, nei treseter! Har fått seg avlegger sidan sist vi var på Ikea. Spanderte på en sjeselong og nytt trekk i stoffet Isunda grå. Vips (jaja litt styr var det å få på trekk og skru på nye bein) så har vi ny sofa og plass til å strekke på beina. Savner IKKJE det kvite trekket som var på før, vart etterkvart lei av å ta det av og på  for å vaske, skal innrømme det. 

Går og venter på ultrafine puter som skal komme inn på Kremmerhuset snart, forhåpentligvis går dei til den litt kalde gråfargen som er i sofaen. Så oppdatering på det kjem nok:) Ellers så har mintfargen fått komt heim på prøve. Nydelig farge er det!
Nei no tar eg tidlig kveld etter en litt lite effektiv dag.?.. Men i morgen går turen til Kremmerhuset i Kristiansund i jobbsammenheng, og det skal bli kjekt!

Klem fra sofagrisen,tjohei:)

13 mars 2011

Omøblering...

...og rydding av jenterommet tar ikkje skade i ny og ne. Kjempestas var det å få himmel med skyer på. No venter vi på at kaninlampa skal komme inn igjen på den finaste barnebutikken i byen, farmor Ingvarda slik at den kan stå å lyse opp kriker og kroker når natta kjem. På dette rommet har vi også bytta vindu, og hvis du har ultrasyn so kan du kanskje skimte maskeringsteip rundt vinduskarmane, kremt..det var å få på siste strøket maling da! Gardiner må også fornyast, da dei akk so fine som var der har falma fullstendig av sola. Og så fekk eg ein ide no når eg kikka gjennom bileta. Den gamle tallerkenhylla som står i boda i kjelleren skal få bli blå,skal sjølvsagt få huse eventyrbøkene og henge ved sidan av senga.

Har sansen for blått for tida, og mint! Den er nydelig.
Ha ei nydelig veke du også!
Kristine

06 mars 2011

NIB utfordring kjøkken

Her er kjøkkenet vårt, lyst,trivelig og eigentleg akkurat passe stort til en liten familie. Veggen mellom kjøkken og spiseplass måtte vike for ei tid tilbake, for kontorrommet vart da omgjort til spiseplass. Lurt valg synest eg! Måtte sommeren komme snart så døra ut til terassen kan settast på vidt gap, drømmedrømme....
Uansett ver så er det koselig å sitte i slagbenken. Måltider, kaffidrikking og avislesing, tegne og pusleaktiviteter skjer til stadigheit der. Ei pipe som ikkje var til anna en irritasjon før, har etter to strøk tavlemåling blitt ein populær plass til å kreere små kunstverk signert 4 åringen i huset.
En stabel med flatpakka Lidingøskap ligg klare til montering ifrå helgas heftige Ikeatur. Det skal bli masse skap på veggen tvers ovanfor benken. Vi har sakna en plass der alle tegnesaker, perlerier og småtteri som flyt til vanleg og  modem, fiber og andre duppedipper kan gøymast. Ej gle mej:)
Etter litt leiting i bildearkivet har eg no vist husets ♥ . Mange mange fine bidrag på utfordringa denne gangen,virkelig, no skal eg ta ei runde til å kikke meir! Her kan du og sjå:)

Kristine

03 mars 2011

Før vi kjem i gang

Tjohei!
Vi får kalle det førbilder! Her skal nemlig ganske mange liter kvitmåling få dekke over den gulbeigeikkjefinefargen som var på alle flater i heile huset då vi kjøpte det. Golv skal endelig byttast, den fiiine originale trappa fra 1930 skal få bli kvit med svart håndlist,( det bestemte eg meg for allerie då vi var her på visning for tre år sidan:) Veggane er vi litt usikre på , beholde eller legge nye plater og få skjult det eletriske,hmm...uansett forandring skal bli bra! Og planer er bra å ha, håper berre på å få sette i gang om ikkje for lenge. Litt mildver, så vi kan lufte ut oxanmalinga til trappa hadde vore ok.
 xxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxx  
Det o store oliventreet har overlevd vinteren også, takka vere gode tips frå dokke der ute,takker for det! Kaldt og lyst gjorde susen!No viser det vårtegn også, med nye skudd, hurra for små gleder:)

Tusen ♥-lig også for koselige kommentarer, nye følgere og link på Kremmerhuset sin blogg. Ta gjerne turen innom heimesida deira og bli både inpirert... og aldri så lite frista!