27 februar 2011

nymalt vindu

Nymalt vinduskarm på den nye vinduet som kom på plass i argaste vinterkulda. Vinduet er stort, og det gjekk akkurat ikkje opp trappa til andre etg, her snakker vi millimeter. Flaks at stillas stod på utsida! Vindua er bestilt via nett, og før pallen stod på døra hadde vi kun sett strektegninger av dei.(ja vi er litt modig av og til:) Men vindua er utrulig fine, med detaljer som feks gjennomgåande sprosser og gamledagse hengsler og profilerte kanter. Perfekt til vårt gamle hus. Foringer og karmer som vi hadde på var trekvite, så kvistlakk,grunning og to strøk oljemaling er unnagjort. Etter vi isolerte så grundig og fått så tjukke vegger, har vinduskarmane blitt så breie at det faktisk går an å sette frå seg noko der også,slettes ikkje dumt:)

Garderobeskap frå godaste IKEA. Veldig ok erstatning i forhold til det gamle lille plassbygde som stod her før, som verken såg eller lukta spesielt fresht... Blir en aldri så liten Ikeatrondheimstur snart, og då velger vi kanskje ei liknades løysing til å ha nede i gangen. Golvet her er også frå Ikea. Grei nok, men det ligg nok et gammalt tregolv under her tenker eg...

                                                                              KLEM

22 februar 2011

Gjenbruk er bra!

Svak for gjenbruk..
Svak for tepperyer..
Svak for blått..
Svak for dongeri..

 Klart denne skulle få bli med heim forrige laurdag da eg svinga innom Åhlens. År og dag sidan eg var innom der. Nederst inne i en reol låg denne, i 2 str.

Vart rett fin på kjøkkenet så der blir den nok liggande:) Heilt ok at den er laga av resirkulert blå dongeri, og heilt ok at eine kassa fra Plantasjen hadde blått trykk. Var det fleire en meg som kjøpte? Har fem stykker eg no. Solgte dei slike i andre deler av landet eller berre her på møre skal tru?
Blådunken er genial som papirgjenvinningstasjon før det blir kasta i den ordentlige blådunken ute. Kremmerhuskjøp til 399.

                                                                     Gjenbruk er jammen bra!

                                                                 Klem Kristine

20 februar 2011

Søndag




Joda, life is beautiful.....
....som det står på puta i soafen. Utenom i dag da, strålandes sol og fri, og min dag kunne begynne kl 15.30 når den #!"% hersens migrena slapp taket! Ja nok om det da:)

Rakk ein aldri so liten fotoseanse før sola gjekk ned og kosa meg med å knipse litt bilder av dei einaste rommet som er bloggbart, jepp nemligen;) Vasen vart denne vekas helgahandel, kjøpt med frå Kremmerhuset, og fylt med fine kvite liljer frå Mestergrønn. Digger forma på den glassvasen, så no måtte den berre bli med heim,fine ja?

Utsikta mi akkurat no. Ikkje så interessert i tvn forstås:)

Jeje, go ny veke folkens:)
klem Kristine

Psst Takk for kjekk pakke i posten tante Hilde:

14 februar 2011

Ute etter gamle eplekasser?


.....da har eg et tips i dag!
På Planatsjen kom eg tilfeldigvis over et stort bord full av gamle originale trekasser til salgs for kr 149,- Dette var da i Ålesund, no i helga. men dei har det kanskje også over heile landet? Verdt å ta turen innom å sjekke i alle fall hvis du liker denslags...( ikkje alle her i heimen som delte samme entusiasmen som meg nemlig, menmen så er han da heller ingen interiørblogger...:)


 2 stk blei med heim. Bilen vart då fullstappa av ved, mann, barn, og meg med kasse på fanget, o du syn! Eine eksemplaret står no parkert ved sidan av sofaen, med nye hjul på frå Clas,( kopierte ideen til både Den gode feen og Kjerstis lykke glatt, sidan ideen er aldeles super) Eg er strålandes fornøgde, og det burde da fleire i heimen vere, no har vi endelig ein plass å slenge  "ka-du-skal-med-alle-desse-putene!"

Klem Kristine

11 februar 2011

utfordring.

Hurray, ei bloggutfordring seier man ikkje nei til, sjølv om det er nokre dager sidan den kom frå Trondhjem by. Næmlig frå gutta i 4, med den knallfine bloggen keiserens nye klær!   Vi kjører på:

4 ting som eg ser på fjærnsyn (tv:)
Ups, ser lite på det, men gløtter innom House når mannen skal sjå det....
Fredagskvelden som no, med Nytt på nytt, Skravlan osv...
Har sett heile Sopranos da, det er knallbra:-)
Og  for ikkje snakke om ALT på DisneyChannel, Mikke, HandyManny, fantasiens flyttefolk opp att og oppatt og...sukk!

Sol og sommerminne, i dag kom sola på besøk igjen,hærlig!

4 ting eg har gjort i dag:
 Pakka opp 6 paller med varer på ei knappheit, med litt hjelp da, blandt anna frå denne tausa:-) og pakka inn maaaange fine morsdagsgaver:-)
Meldt meg inn i facebook,hehe:-) på tide ja!
Sett sola igjen, ei evigheit sidan sist!
Spist lunsj på tante Bruun med søstra mi, brød med serranoskinke og pesto,kjempegodt!
Med andre ord en knakandes kjekke dag:-)

4 ting på mi ønskeliste:
Ei varmepumpe som virker som den skal, lei av å fyre med ved!
Tolixstol, var å kikka på en etter jobb i dag til og med,en kvit en.
Lære meir om foto og photoshop, kanskje eg hadde fått meg ny header også då, uten god jul skilt på?:-)
Et Karlsonhus?


4 ting eg ikkje liker:
Kulde, er en frostpist!
Å våkne med migrene, skjer heldigvis ikkje så ofte lenger.
brettspill faktisk...
Stå tidlig opp i helgene, søndag er min sovedag;-)

Her er en i huset som gjerne tar en blund eller to i løpet av dagen.

4 eg sender utfordringa videre til:
Den kjekke kremmerhustausa Beate med bloggen beas-liv. Her lyser kreativiteten langvei! Du e goe!
Den for meg nyoppdaga bloggen RoSaLiGa. Dyktig på interiør og foto, i like!
Stine med bloggen stineshjem. Fasinerande husprosjekt, nydelig layout og finfine bilder:-)
Lykkebo, en blogg og et interiør eg føler meg så "heime" i. Den første interiørbloggen eg oppdaga, nydelig blogg!

Ta utfordringa hvis dokke vil!
Ha ei fortreffelig helg folkens!


06 februar 2011

blåe nyansar

Ny fiiin pute frå ByNord:-)

God søndagskveld!
Søndager har visst blitt min bloggedag i det siste?! Slik er det når vekedagane er over med et shmokk:-) No er det vel strengt tatt heller ikkje all verda som skjer i heimen heller, mest planer for kva som skal skje framover heller. Vil du høre om ein av dei?

Vel, på ynglingsrommet, kjøkkenet har vi ikkje verdens beste dagslys, særlig ikkje når kontrastveggen er målt i en ganske mørk farge, og vi har tetta att eine døråpninga og mista lys frå stua.( Det kan du lese om her hvis du vil.)
Blåfargen har komt snikande inn her i det siste i form av puter og bokser på kjøkkenbenken. Og samtidig har Jotun Pure Color  komt med en veldig fin farge som heiter skyggeblå.... Hmmm, har lyst å prøve å male, men er den fortsatt for mørk? Like mørk in real som på fargekartet? Finfin den grå på fargekartet over også, den som heiter grå harmoni! Så viss tida strekke til, så blir det kanskje både ny vegg og nytt blogginnlegg i løpet av veka:-)

Blått er fint til det svarte synest eg, blir ikkje fullt så hardt med alt det svart/kvite når det blå blander seg inn. Samtidig gir det litt kjærkomen farge no mot vår og sommer.

Ellers så ønskes ei god veke til deg der ute!
Klem Kristine