30 april 2010

Lampa som ingen ville ha.

Forrige fredag tok eg turen innom et loppemarked på misjonssalen rett før det stengte. Det vil seie, dei skulle ha en auksjon heilt til slutt. Eg benka meg ned, og såg denne lekre saken stå der framme. For 300 blei den min. Sysaker er det lite av i denne heimen, men teikne- og andre småsaker passer supert i denne!
Etter auksjonen tok eg ei siste kikkerunde, og under et bord låg denne lampa henslengt. "Ka du ska ha for dinna då", spurte eg misjonsmannen bak bordet."Njaa, 30 kr? svarte han. Okå tek den, sa eg:)"
Et par kommentarer på vei ut fekk eg og, dei lurte på kor i all verda eg hadde funne denne fine lampa.
Fornøgd rusla eg heim med kuppet under arma.
Glasskuppelen er heilt inntakt, og med ny ledning og en grundig vask blir den kjempefin, no må eg berre finne en plass å henge den!

Og så ønsker vi M A I velkommen.......:)

Klem frå

27 april 2010

Spiseplassen er på plass!

   So har vi endelig kunne tatt den nye spiseplassen i bruk. Herlig å ha luft rundt seg, før måtte vi nesten planlegge kven som skulle sette seg og røyse seg opp først...  En anna familie som har bodd i dette huset hadde tre barn, lure på korleis dei fekk plass. Men den tid er forbi, no kan vi benke oss ned og nyte et større kjøkken ja! Heilt ferdig er det absolutt ikkje, meir Ikeainnredning må til og litt på veggane mangler, men eg viser slik det er hos oss akkurat no!

Sinkbaljen er innkjøpt frå Kremmerhuset, med tanke på å ha ute i sommer. Men i kveld fekk den lov til å lage litt etterlengta sommerfølelse inne. Koselig lys når mørket kom sigande. Glasa som telysa er i kjem også frå Kremmerhuset, kjempefine synest eg! Bøtter og vannkanne i sink står også "på lager" Litt tidlig å kjøpe uteblomstrer å ha i dei enno.
-gode ønsker frå meg til deg som titter innom bloggen min 
 

21 april 2010

En gang til!

Sidan kjøkkenet og spiseplassen ikkje er ferdig enno, so tenkte eg å vise litt frå gangen vår oppe i dag. Skal få kvite golv og vegger og bli blendakvitt dette rommet også med tid og stunder! Den originale trappa var noko av det eg fall for då vi kjøpte huset for to år sidan, og som alt anna her i huset var denne også malt i gulbeige farge. Det er den forsåvidt enno, men kvit skal den bli, med grå eller svarte detaljar på.

På kjøkkenfronten går det sakte men sikkert framover, tida flyg litt i frå meg, men litt får vi da gjort innimellom!

Ønsker alle ei fortsatt fin veke, her på sunnmøre skein sola i dag, hurra!

 
Måtte berre ta med bilde av "sola" mi, som lurte seg innimellom putesamlinga i kveld, tjihi:)

18 april 2010

Veggen som forsvant!

I dag tidlig....                                                                                ... og i kveld!
                       Ja, her er et lite glimt av ka vi har styra med denne laurdagen! Ikkje nokke særlig styla og bloggbare bilder i dag, men her kjøre vi på! Endelig er vi i gang med prosjekt større kjøkken: I dag tidlig viser bilda vegg mellom vårt knøttlille kjøkken og et rom som ikkje har vore brukt til noko fornuftig. I løpet av dagen har S saga og saga og saga seg gjennom fleire lag med plater og panel frå ulike årtider, både blomstra tapet, strie, rosa panel og turkis panel kom til syne i løpet av dagen, spennande synest eg, men ikkje noko vakkert som var verdt å ta vare på! Skulle gjerne slått ned heile veggen, men av praktiske årsaker må vi gjere det på denne måten, skal bli bra likevel!
Vart so mykje større og lysare (etter at støvet frå all saginga hadde lagt seg:)
Denne lekre saken har komt i hus, finaste benken frå House Doctor, og den skal få stå der sofaen står i dag, det skal nemlig bli den nye spiseplassen vår! Og det ska bli ei rå med litt puter og stæsj oppi ja:)
  Rett ovanfor benken blir det etterkvart meir skaplass til spel, leiker, modem, og anna datarot som skurrer i mine auge. Må til Ikea og kjøpe meir Lidingø med andre ord. Gleder meg til fortsettelsen!

Gode ønsker for resten av helga til deg frå

10 april 2010

Oliventre o`lykke


 Årets første oliventre (endelig!!)var komt inn på MesterGrønn før helga, og det måtte berre få bli med heim. Visst er det lite, men det gjer ingenting, synest det er finfint. I nyinnkjøpt sølvpotte fra KID, faktisk, vart det rett so trivelig i vinduskarmen! Er ikkje so glad i alskens grøne planter, men oliventre er en stor favoritt, samans med hortensia, perleblomer og avskårne blomer som kvite liljer, ranunkler,tulipaner og peoner!

Pip-pipen i treet fekk vere med videre frå påskepynten, telysestakane i brunt glass er frå Tine K, og gir kjempefint lys på kveldinga.

Helga går fort, men har fått begynt på nokke spennande i dag. Sager ut åpning i en vegg, meir om det seinere;)



08 april 2010

På tur i hagen

I dag tilbrakte vi ettermiddagen utandørs, store og små, og tok fatt på en stor jobb med å rake vekk lauv og anna rusk og rask som har gjøymt seg under snøven i mange månader....Vinteren har vore hard og det har satt spor på både hus og hage, men no tek vi fatt på vårreingjering! Skal ikkje vere so ruskete som bilda visser so alt for lenge!
Endelig kryp gradestokken litt oppover, og eg drista meg til årets første innkjøp av stauder!  Er glad i
kvite blomer, men dei som budde i huset før oss har virkelig vore glad i vintergrøne planter. Vi blir modigere og modigere og klipper vekk meir og meir..
 Det kvite bordet har overvintra i uthuset, men skal snart få flytte heim igjen.
Nye fuglekasser er på plass, so no håper vi på besøk der!
Tida flakser avgårde, ja vi går mot vår!
Gleder meg til blant anna å fylle denne sinkbaljen med friske blomer, margeritter kanskje?


02 april 2010

Påskegodt


Late dager i heimen og berre vere saman, kjenner det gjer godt for både store og små. Og no er påskeegg og godteskål på god vei til å bli tomme, hi hi. Den gule påskefargen har fått slept til her og der,  men på lånt tid... Synest det er hærlig å sjå den gule fargen i enkelte interiør, men er nok ikkje veldig stor favoritt hos meg sjølv. Til og med det gule smågodtet har alltid vore sistevalget med meg heilt sidan eg var lita. Men hos E går alt ned på høgkant, uansett farge!       

 Fortsatt god påske til deg og dine!